Meny
HER FINN DU TRINNA Framside
Trinn 0
Trinn 1
Trinn 2
Trinn 3
Trinn 4
Trinn 5
Trinn 6
Trinn 7
Bjønnholen 10 4342 Undheim Vis på kart
Telefon: 51 77 83 60 Send e-post til oss
Redaktør: Gerd Rusdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Bruk av læringsbrett

I Timeskulen bruker me lærebrett som verktøy for læring. Dette betyr at kvar elev får tildelt ein iPad med tastatur som dei skal bruka som sitt arbeidsverktøy i opplæringa på skulen, og i arbeid med leksene heime. Som del av at kvar elev får ein iPad til utlån er det utforma kriterium som elevane må forhalda seg til. For at elevane skal kunne ta med seg iPaden heim, må signert informasjonsskriv leverast attende til skulen.  

Administrering og sikkerheit knytt til personvern

  • Oppsett av Apple-ID og innhald på iPaden vert administrert av kommunen. Elevane skal bruka passord for å opna iPaden.
  • Office 365 vert nytta som arbeidsplattform. I denne løysinga er det tilgjengeleg e-post program. Dette skal ikkje vera tilgjengeleg som app på iPad for elevar på 1.-4. trinn. Den kan vera tilgjengeleg for 5.-7.trinn med samtykke frå føresette.
  • IPaden er knytt til trådlaust nettverk i kommunen som er regulert med tanke på innhald.  

Nettvett

  •  Med bruk og tilgang på teknologi medfører det kritisk tenking og ansvar. Skulane jobbar aktivt med dette temaet, og det skal vera lett tilgjengeleg informasjon på heimesidene om korleis dette vert utøvd på dei ulike trinna.  

Reglement for bruk av lærebrett  

  • iPaden er leasa for fire år for 1-4.trinn, og tre år for 5.-7. trinn og for 8.-10. trinn. Etter dette skal iPad, omslag/tastatur og ladar leverast tilbake igjen. Eleven vil få utlevert utstyr for ein ny periode.  
  • iPaden er skulen sin eigedom, elevane må ta godt vare på den og handsama den på ein forsvarleg måte. Jmf kommunalt ordensreglement: «elevane skal ta godt vare på alt som tilhøyrer skulen.»
  • iPaden skal alltid oppbevarast i omslaget. Det kan i tillegg vera lurt å ha ein pose, eller anna form for vern når den er i skulesekken.
  • Elevane skal sørga for at iPaden er opplada til kvar dag.
  • Elevane skal ikkje logga seg på med privat Apple ID på  iPaden.
  • Elevane skal ikkje slå på tofaktorautentisering dersom det kjem spørsmål om dette, og heller ikkje leggja inn telefonnummer om dei blir bedt om det.  
  • Elevane kan ikkje lasta inn spel og appar utan avtale med skulen.
  • På skulen sitt nettverk har me strenge restriksjonar. Heimen er ansvarlege for kva iPaden blir brukt til på andre nettverk utanom skuletida.
  • Ved forsiktig og normal bruk, varer ein iPadladar og leidningen gjennom leasingperioden. Dette skal leverast inn når perioden er slutt. Dersom dette blir øydelagt, må dette erstattast av heimen.
  • Elevane får eit omslag/tastatur som skal brukast i fire eller tre år. Dersom dette vert øydelagt må heimen kjøpa nytt dersom ein ønskjer å ha dette.
  • Føresette kan bli erstatningsansvarlege for iPaden etter Skadeerstatningslova § 1 – 2 første og andre ledd. Dette betyr at dersom eleven har øydelagt sin eigen, eller andre sin iPad eller tastatur med vilje, kan foreldra bli erstatningsansvarlege med inntil 3700kr.

Ved Undheim skule legg ein skulesaker igjen på skulen i feriar og i helger.