Meny
HER FINN DU TRINNA Trinn 2
Trinn 0
Trinn 1
Trinn 2
Trinn 3
Trinn 4
Trinn 5
Trinn 6
Trinn 7
Bjønnholen 10 4342 Undheim Vis på kart
Telefon: 51 77 83 60 Send e-post til oss
Redaktør: Gerd Rusdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
I dag hadde me besøk av lærarar frå kulturskulen.

Det var i strålande vêr at 1. og 2. klasse var på uteskule på Tordishaugen i dag. Vi starta med litt folkedans. Elevane fekk læra songleiken «Fløy en liten blåfugl gjennom vindu». Deretter var det tid for frileik i finvêret. Med på turen hadde vi Oda og Miriam. Dei skal vere hos oss i praksis, denne og neste veke.

Onsdag var vi så heldige å få besøke Edel Yvonne Hovland Rygg Rimestad og kaninane hennar, Elevane fekk sjå ein nyfødt kanin som ikkje hadde opna auga enda, Dei fekk og kosa med mange av dei andre  kaninane. I tillegg hadde elevane det veldig kjekt i marka.

Tusen takk til Edel og Jan Ingve for ein fantastisk dag!


Velkommen til foreldremøter våren 2024!

Onsdag 24.april kl. 18.00-19.30 vert det foreldremøte for 5. og 7 trinn

Torsdag 25.april kl. 18.00-19.30 vert det foreldremøte for 1.- 4. trinn.

Ein startar opp i mediateket med felles informasjon frå leiinga 18.00-18.30. Deretter vert det klassemøter i klasseromma.

Helsing Gerd Rusdal
-rektor

 




I dag var det endeleg tid for påskefrukost igjen. Dette hadde elevane gleda seg til. Dei hadde laga pynten på bordet sjølve. Alle hadde med noko til frukostbordet. Elevane underholdt med påskesong. Det var kjekt at så mange foreldre kunne vere med. Maten smakte ekstra godt i dag.