Meny
HER FINN DU TRINNA Framside
Trinn 0
Trinn 1
Trinn 2
Trinn 3
Trinn 4
Trinn 5
Trinn 6
Trinn 7
Bjønnholen 10 4342 Undheim Vis på kart
Telefon: 51 77 83 60 Send e-post til oss
Redaktør: Gerd Rusdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Eksperiment i snøen

Tverrfagleg dag på 6.trinn. Norsk, matematikk, naturfag, fysisk, sosial kompetanse, mat og helse i strålande sol.
Knallkjekk og lærerik dag for dei gode elevane på 6.trinn. Me starta dagen med å dela klassen inn i grupper. Me lærte nye naturfagsbegrep og korleis me arbeider med ein hypotese. Teoretisk undervisning om kjemiske reaksjonar. Elevane fekk deretter skriva eigen hypotese med dei fakta dei hadde lært, og utifrå ei ingrediensliste og utstyrsliste til eksperimentet. Dei skulle rekna saman kor mykje me trong av kvar ting utifrå kor mange elevar som var på kvar gruppe. Me gjekk tur til butikken og gruppene fekk ulike oppdrag. Kva er billegast? Ein stor pakke eller fleire små? Er det lurt å handla litt for mykje eller bytta til eit alternativ med dyrare literpris men med rett mengd? Oppgåve på vegen tilbake var samarbeid. Dei skulle frakta varene tilbake. Utan at noko gjekk i stykker, og alle i klassen skulle vere involvert. Dei fekk to minutt til å finna gode løysingar. For ein klok og lur gjeng! dei vart einige om at dei skulle gå etter «fastrekka». Den fyrste i rekka overleverte til eleven bak seg. Kvar gong dei passerte ein lyktestolpe var det nestemann sin tur. Sjølve eksperimentet vart utført i siste økt. Og resultatet vart softis. Ein av posene fekk hard medfart slik at det kom salt inn i isen. Heldigvis er me gode på å dela slik at alle fekk smaka skikkeleg god is.
Main Image
Bilete 1 av 9