Meny
HER FINN DU TRINNA Framside
Trinn 0
Trinn 1
Trinn 2
Trinn 3
Trinn 4
Trinn 5
Trinn 6
Trinn 7
Bjønnholen 10 4342 Undheim Vis på kart
Telefon: 51 77 83 60 Send e-post til oss
Redaktør: Gerd Rusdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Informasjon om oppseiing av tilbod i SFO

Informasjon om oppseiing av tilbod i SFO 
I samband med overgang til nytt skuleår er det vanleg at nokon vil endra eller seie opp tilbodet ein har i SFO. For å unngå misforståingar vil me minna om reglane som gjeld for endring/oppseiing av tilbod om SFO. Reglane for oppseiing er fastsett i §4 i “Vedtekter for skulefritidsordninga i Time kommune”. 
Oppseiingstid for tilbod i SFO er 2 månadar. Ein må seie opp innan den 1. dagen i månaden 2 månadar før ein vil at oppseiinga skal gjelda.  
For oppseiing på slutten av skuleåret gjeld det at om ein seier opp plassen ved SFO etter 1. mars, må ein betala for tilbodet ut skuleåret, dvs. til og med juni.  
Om ein ikkje vil behalde plassen i august, må ein seia opp tilbodet innan 1. mai.  
Ved oppseiing etter 1. mai, må ein betala for tilbodet i august.  
Om de allereie no veit at de ikkje vil ha tilbod ved SFO i august 2024 set me stor pris på at de melder frå. Dette gjer det enklare å planlegge bemanninga og bruk av ressursar, og slik kan me gje ungane eit best mogleg tilbod.