Onsdag denne veka var heile skulen på framsyning i mediateket. Då fekk me besøk av DKS (den kulturelle skulesekken) som hadde framsyninga «To Ulver» for oss. Artistane Taro og Beatur hadde ei oppvisning som inneheldt beatbox, live looping, poesi, rap og forteljarkunst.
»To Ulver» er ei barneframsyning basert på ei gammal forteljing om to ulvar som finst i oss alle, Den eine representerer alt det vonde: grådigheit, sjalusi, ego og løgn. Den andre representerer alt det gode: kjærleik, sjalusi, håp og audmjukskap. Desse to ulvane er i ein konstant kamp om kven som får påverka oss som menneske.
Artistane imponerte både elevgruppa og dei tilsette på skulen.