Meny
HER FINN DU TRINNA Framside
Trinn 1
Trinn 2
Trinn 3
Trinn 4
Trinn 5
Trinn 6
Trinn 7
Bjønnholen 10 4342 Undheim Vis på kart
Telefon: 51 77 83 60 Send e-post til oss
Redaktør: Gerd Rusdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Velkommen til Undheim skule si heimeside. Her kan du enkelt finne informasjon som er nyttig for deg som føresett.

I menyen til høgre finn de vekeplanane og informasjon frå trinna, FAU/SU, elevrådet, SFO, helsestasjon, sosiallærar o.a. All anna informasjon finn de i menyen til venstre.

Hugs å abonnere på nyheiter ved å trykke "abonner på nyheiter" i menyen til høgre.

Det vert foreldremøter for alle trinna onsdag 18. september

For 1.-4. trinn: oppstart i mediateket klokka 18.00 til eit fellesmøte med adm. 18.30-19.30 klassemøter.

For 5.-7. trinn: oppstart i klassane 18.00-19.00. Fellesmøte med adm. i mediateket klokka 19.00-19.30

Velkommen😊


Endelig har det kome nye bøker til biblioteket! Alle er ikkje heilt nye, men for oss er dei nye! 🤩

Fotografering og film av elevar er regulert av lov om personvern og datatilsynet.  Skulen må difor henta inn samtykke frå føresette for at dette skal vera lov. Etter at elevane er 13 år skal dei sjølv samtykke til dette.  

Ordensreglane i Time kommune er reviderte og vedtekne 18.juni 2024. Det kan vere greit for dykk føresette å gjere dykk kjent med reglane. 

Nytt er at alle skulane skal vere fri for mobil- og smartklokker i timar og friminutt. For Undheim skule ønskjer me at mobil- og smartklokke vert att heime.

https://www.time.kommune.no/_f/p1/i10b082a8-3b35-4ee5-970a-12528964d081/forskrift-om-reglement-for-orden-og-atferd-ordensreglement-ved-skulane-i-time-kommune.pdf


Bruk linken om du lurer på når buss/taxi skal hente/bringe din elev.  Bussruter

Dersom du lurer på kva reglar som gjeld - sjekk ut Skyssreglement for elever i grunnskolen

Skjer det avvik er det viktig at de sender avviket til skulekonsulenten vår Siv-Merethe Enge:  siv-merethe.enge@time.kommune.no

Skulen sender det vidare til Kolombus med fagstab på kopi. 

Det må stå dato, klokkeslett og transportør ( Sandnes taxi, JMT eller VY- buss) og kva avviket gjeld i meldinga.

Vi håpar at desse rutinane gjer at vi får god oversikt over avvik, som igjen kan føre til færre og færre avvik. 


Velkommen tilbake til skulen. Særleg velkommen til dykk, som er nye elevar på skulen og 1. klassingane. 

Alle elevane møtar opp i skulegarden kl. 08.15. Her vert det opprop og møte med dei lærarane de skal ha dette skuleåret.

Elevane som skal byrje på 1.trinn har med seg føresette. Dei vert ropt opp ein og ein, helsar på rektor og går til sin lærar. Det vert også høve til å ta bilete. Elevane går deretter til sitt klasserom. 

Skuledagen varar fram til 12.40 for dei minste og fram til 14.25 for dei eldste. Den første skuledagen kan vere stri for dei minste. Så det kan vere lurt å tenkje på om dei skal ha full dag i SFO etterpå. 

Helsing Gerd
-rektor


Velkommen til oppstart i SFO for skuleåret 24-25. Ein del av dykk startar opp allereie 1.august. Opningstida er 07.10-16.00.

Frukost fram til 08.00 no i oppstarten. Seinare i skuleåret vert det frukost fram til 07.40.

Ta med klede etter vèret og drikkeflaske/sekk. Treng ikkje ta med mat. 

Me gler oss til å møta dykk😀