Meny
Velg trinn eller SFO Framside
Hovedadresse Kråvegen 2 4355 Kvernaland Telefon: 51776510 Send e-post til oss
Postadresse: Time Kommune Postboks38 4349 Bryne
Redaktør: Karen Helene Seppola
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Velkommen til Frøyland skule si heimeside. Her kan du enkelt finne informasjon som er nyttig for deg som føresett.

I menyen til høgre finn de vekeplanane og informasjon frå trinna, samarbeidsutval, SFO og skulehelsetenesta. All anna informasjon finn de i menyen til venstre.

Hugs å abonnere på nyheiter ved å trykke "abonner på nyheiter" i menyen til høgre.

Vi er straks klare til å gjennomføre nasjonale prøver på 5.trinn. 

I lenkemenyen finn de informasjon om prøvene - "Kva er nasjonale prøver?"


Hvis de klikker i rullefeltet på høgre side (framsida) vil de finne Oppslagstavla nederst på sida. 

Her vert det lagt ut informasjon som vi får fra ulike lag og organisasjoner og som elevane kan gå på i fritida si. Sjekk innom av og til.


Alle elevar har rett til eit trygt og god skulemiljø som fremmer helse, trivsel og læring.   

Me vil at alle våre elevar skal oppleva ein inkluderande, trygg og god skulekvardag.  
Om de opplever dykkar barn ikkje har det trygt og godt, ønsker me at de skal melda frå til oss på skulen.
Dette gjeld og om de er usikker på om eleven dykkar har det bra i skuletida.  

De kan melda frå ved å: 
- ta kontakt med kontaktlærar via app, mail eller på telefon 
- ta kontakt med ein i leiinga ved skulen 
- ring skulen på telefon 51776510  
- trykk på knappen “meld frå om mobbing” på skulen si heimeside  
(Då går ein e-post direkte til rektor)  

Når skulen har fått beskjed om at ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen, vil me straks undersøke saka.
Me vil vera i dialog med eleven og føresette og følgje opp saka. Dette skal me gjera så raskt som mogleg og innan det har gått ei veke. 
Om de opplever at me ikkje gjer nok, eller at ting tar for lang tid når de gjer beskjed, kan de klage til Statsforvaltaren i Rogaland.
Ved å følgje lenkja under får de informasjon om korleis de går fram om de vil klaga.

Ein trygg skuledag utan mobbing- Starforvalteren i Rogaland

 

Meir informasjon finn de på lenkjene: 

Mobbing Udir.no

Trygt og godt skulemiljø for elevane i Time kommune- Hovudportal


Søndag 22. september er det aktivitetsmesse på Bryne.

Då har mange ulike lag og foreiningar postar på torget i Bryne sentrum kl. 12.00-14.00 slik at ein kan gjera seg kjent med kva tilbod som finst.

Ta ein tur og sjekk ut. Kanskje finn du ein ny hobby.



Kopi av brev fra Trygg trafikk.

Trygg Trafikk oppfordrer foreldre til å øve på skolevegen.

Å ferdes som trygg trafikant er noe som må læres. Vi oppfordrer derfor til å øve på skoleveien sammen med barn.

Finn den tryggeste ruten til skolen, gå den sammen, og snakk om trafikken. Lag enkle huskeregler, for eksempel om hvor en skal stoppe opp, se og lytte før kryssing av vei.

Barn har et begrenset synsfelt, er impulsive og lett blir distrahert. Siden de også mangler trafikkforståelse, er det en god ting å gå sammen med dem og lære dem å bli tryggere i trafikken. Øvelse gjør mester, enten man går, sykler, kjører buss eller bil

Snakk om hva som kan være trygt og farlig å gjør i ulike situasjoner på vei til skolen, for å trene opp risikoforståelsen og vurderingsevnen. Tid sammen med litt frisk luft og bevegelse før skoledagen starter, er gull verdt.
Bruk gjerne Trygg Trafikk sin nettside når en øver på skoleveien. På nettsiden https://www.barnastrafikklubb.no/ finnes flere fine praktiske tips og aktiviteter som kan brukes for å bli bedre trafikanter.

Tips til å øve på skolevegen
1. Gå skolevegen uten barnet i første omgang og kartlegg steder som kan være kompliserte eller by på mulige farer.
2. Ta dere god tid og gå flere turer sammen.
3. Prat om det som skjer langs vegen og de farene som kan oppstå.
4. La barnet ta mer og mer styring etter hvert.
5. Ha det hyggelig sammen!

Foreldrebrev
Trygg Trafikk skal starte opp med å tilby nyhetsbrev til foreldre! I første omgang er det mulig å motta brev for de som har barn i alderen 0–6 ½ år, og i løpet av høsten kommer brev til foreldre som har barn i alderen 7–12 år.
Her melder du deg inn for foreldrebrev. : https://www.tryggtrafikk.no/om-oss/foreldrebrev/


 

Fotografering og film av elevar er regulert av lov om personvern og datatilsynet. Skulen må difor henta inn samtykke frå føresette for at dette skal vera lov.  
I Time er det utarbeida eit nytt system for samtykke i Visma Flyt Skole som gjeld frå 15. august 2024.

Føresette blir her bede om å gje 3 samtykke: 

1.Samtykke til bruk av bilete og film i skule og SFO i Time kommune  

2.Samtykke til å vera med på bilete teke av skulefotograf 

3.Samtykke til deling av bilete/film i skulen sine sosiale media  

Det gamle samtykket til fotografering er ikkje gjeldande etter 20. august.

Dette skuleåret får vi besøk av skulefotograf i starten av september. De vil få meir informasjon om dette etter kvart.

Det blir teke bilete av kvar elev, klassebilete og det blir laga skulekatalog der alle elevane er med.

Frøyland skule ber om at alle føresette går inn og gir samtykke så raskt som mogleg.

De kan gje samtykke via app’en “Min skule- foresatt" eller via “Foreldreportalen” i Visma Flyt skule som de finn til venstre på skulen si heimeside.  




Då er sommarferien snart over og det er skulestart om ei veke, torsdag 15.august.