Meny
Velg seksjon Framside
Trinn 1
Trinn 2
Trinn 3
Trinn 4
Trinn 5
Trinn 6
Trinn 7
Ryfylkevegen 1927 4120 Tau
Telefon: 51742700 Faks: - Send e-post til oss
Redaktør: Solfrid Norland
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Rett til spesialundervisning

Viss barnet ditt ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har han eller ho rett til spesialundervisning.

Skolen har ansvaret for å vurdere om eleven treng spesialundervisning. Du kan sjølv ta initiativ og krevje at skolen gjer nødvendige undersøkingar for å finne ut om barnet ditt treng spesialundervisning. Skolen skal be den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta) om å utarbeide ei sakkunnig vurdering. Ho skal vise om eleven har behov for spesialundervisning, og kva slags opplæringstilbod skolen bør gi, og i kva omfang.

Før skolen ber om ei vurdering, skal du samtykkje. Du skal også samtykkje før spesialundervisninga blir sett i verk. Viss den sakkunnige vurderinga viser at eleven har behov for spesialundervisning, skal skolen utarbeide ein individuell opplæringsplan (IOP). Han skal, så langt som mogleg, utarbeidast saman med eleven og deg som forelder. Du som er forelder, skal få informasjon undervegs om korleis spesialundervisninga går. Ein gong i året skal skolen lage ei skriftlig oversikt over opplæringa eleven har fått, og ei vurdering av utviklinga til eleven.

(Opplæringslova kapittel 5)