Natteramn på Bryne
Publisert: 08. september 2025 | Sist endra: 08. september 2025 | Forfatter: Elisabeth Dysjaland

Natteramn

Natteramnvandringa laurdags kveld blir nå fordelt mellom Vardheia U og Bryne U. Dette fører til at dugnaden blir fordelt på endå fleire foreldre og klassar i løpet av eit år. Det er ein veldig kjekk og meiningsfull dugnad å vera med på. Viktigheita av at me som foreldre bryr oss om lokalmiljøet og tryggleiken til ungdommen er gull verdt. Tilbakemeldingar frå både ungdommen sjølv, andre vaksne og politiet er at det er trygt å vite at edru vaksne er ute som natteravner. 

 

Liste over når dei ulike trinna er sett opp som natteramnar ligg under ''Brev og beskjedar''.