Publisert: 17. oktober 2025 | Sist endra: aldri | Forfatter: Monica Penne Norheim

Informasjon v. 43-44

Elevbedrift 
Veke 44-45 (frå 27. oktober) blir det satt av ein del timar på skulen til arbeid med elevbedrift. Me håpar mange bedrifter òg vil nytta fritida. Det er flott om føresette kan støtte opp om arbeidet, men pass på at det er elevane sjølv som skal gjera sjølve jobben. Me håper mange føresette, slektningar og andre vil koma på messa onsdag 12. november kl. 17-18.30, då bedriftene skal visa seg fram. Det blir i gymsalen. Velkomen! 
 
Elev- og utviklingssamtalar 
Kontaktlærarane er i gang med elevsamtalane. I november vil føresette bli inviterte til utviklingssamtale.  
 
Elevundersøkinga 
I veke 44-45 skal alle elevane gjennomføre elevundersøkinga. Dette er ei årleg undersøking der elevane får seie si meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skulen. Sjå meir informasjon i ege dokument på heimesida.  
 
STERK&KLAR-foreldremøte 
Tysdag 4. november kl 18.00-19.30 skal det vera eit nytt foreldremøte med Sterk&Klar i kantina. Temaet for møtet:  
“Å ha ei god psykisk helse er viktig for å beskytte mot rusproblem. Korleis kan vi foreldre vere gode samtalepartnarar for ungdommane våre og støtte dei i livets opp- og nedturar? 
Målet med dette føredraget er: 
• At du skal kjenne til kva Ungdataundersøkinga seier oss om ungdoms livskvalitet i ditt lokalsamfunn 
• At du skal få nokre konkrete råd og tips til korleis ein kan snakke med ungdom om psykisk helse 
• At de saman skal få reflektere over kva som formar og påverkar ungdomstida anno 2024 
 
Meld deg på til foreldremøtet her
 
Hei verden 
Bryne ungdomsskule skal ha sitt årlege solidaritetsarbeid i veke 47-48. Me støttar Hei verden sitt prosjekt, og i år samlar me inn pengar til Peru. 9. trinnet skal blant anna vera med på ei bøsseinnsamling. Dette er obligatorisk for elevane, og elevane vil få avspasering for tida dei bruker på innsamling. Tidspunktet for innsamlinga er torsdag 27. nov kl 17.-00-19.00.