Publisert: 20. oktober 2025 | Sist endra: 20. oktober 2025 | Forfatter: Jon Asgeir Lystvet
Informasjon 8.trinn v.43-44
Elev- og utviklingssamtalar
Kontaktlærarane er i gang med elevsamtalane. I november vil føresette bli inviterte til utviklingssamtale.
Elevundersøkinga
I veke 44-45 skal alle elevane gjennomføre elevundersøkinga. Dette er ei årleg undersøking der elevane får seie si meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skulen. Sjå meir informasjon i eige dokument på heimesida. Sjå info frå UDIR her og korleis med behandlar personopplysningar i Elevundersøkinga her.
STERK&KLAR-foreldremøte
Tysdag 28. oktober kl 18.00-19.30 skal det vera eit nytt foreldremøte med Sterk&Klar i kantina. Temaet for møtet:
"Du har no fått ein tenåring i huset, og det melder seg nye og spanande utfordringar i forhold til foreldrerolla."
Målet med dette føredraget er:
• At du skal forstå tenåringen endå litt betre
• At vi saman skal reflektere over grensesetjing og relasjonsbygging med ungdommen
• At du skal bli kjend med andre foreldre og reflektere over korleis de kan samarbeide for å skape eit trygt lokalsamfunn
Meld deg på til foreldremøtet
Hei, verda!
Bryne ungdomsskule skal ha sitt årlege solidaritetsarbeid i veke 47-48. Me støttar "Hei, Verda!" sitt prosjekt, og i år samlar me inn pengar til Peru. 8. trinnet skal blant anna ha elevkveld på skulen. Dei skal planleggja og gjennomføra aktivitetar for å bidra til innsamlinga. Elevkvelden blir onsdag 26.november. Eigen plan med tidspunkt og køyreplan kjem dei næraste vekene.