Publisert: 31. oktober 2025 | Sist endra: aldri | Forfatter: Monica Penne Norheim

Informasjon v. 45-46

Foreldremøte 
Tysdag 4. november er det foreldremøte med Sterk og klar. Det ligg ute informasjon om tema på heimesida. Det er påmelding til foreldremøtet. Sjå melding som er sendt i Visma-appen. 

Elevbedrift 
I veke 45 (3.-7. nov.) fortset me å setje av ein del timar på skulen til arbeid med elevbedrift. Me håpar mange bedrifter òg vil nytta fritida. Det er flott om føresette kan støtte opp om arbeidet, men pass på at det er elevane sjølv som skal gjera sjølve jobben. Me håper mange føresette, slektningar og andre vil koma på messa i gymsalen onsdag 12. november kl. 17-18.30, då bedriftene skal visa seg fram. Det blir sal av produkt elevbedriftene har laga, i tillegg til kaffi, kaker og liknande. Velkomen! 

Utviklingssamtalar 
I november skal kontaktlærarane gjennomføra utviklingssamtalane 

Å dele er å delta 
10. november kjem politiet på skulen for å halde eit foredrag som heiter “å dele er å delta”. Dette handlar om deling av bilete og videoar av vald og andre uønskte hendingar på sosiale medium. 

Forfattabesøk 
Torsdag 13. november får me besøk av forfattar Peter Strasegger. Han er frå Bryne, og har blant anna skrive om korleis det er å voksa opp på Bryne. Klassane har lese tre av bøkene hans, og me gler oss til å ha bokbad, der me blir enda meir kjent med forfattaren og litteraturen hans. 

Planleggingsdag 
14. november er det planleggingsdag på skulen. Då har elevane fri.