Publisert: 13. november 2025 | Sist endra: aldri | Forfatter: Monica Penne Norheim

Informasjon v. 47-48

Elevbedrift 
Det blei ei flott elevbedriftsmesse, og alle bedriftene har gjort ein veldig god innsats. I dei neste vekene skal rekneskapen leverast, og bedriftene må betala skatt. Skattepengane skal trinnet bruka til ein kjekk aktivitet. Nokre av bedriftene blir plukka ut til å reisa til Stavanger på Fylkesmeisterskapet til våren. 
 
Hei verden 
På måndag kjem det ein representant frå Hei verden og skal ha kick off i aulaen. Me skal læra om organisasjonen, om solidaritetsarbeid og samla inn pengar i dei neste vekene. Torsdag 27. november skal me ha bøsseinnsamling kl 17-19. Det er obligatorisk frammøte til innsamlinga, og til våren vil elevane få avspasera denne tida. 
 
Forfattarbesøk Randi Fuglestad 
I førre veke hadde me eit kjekt besøk av forfattaren Peter Strassegger. Klassane har lese 3 av bøkene hans, og torsdag kom han på besøk og hadde bokbad med elevane. I veke 48 får me eit nytt forfattarbesøk av Randi Fuglestad