Publisert: 28. november 2025 | Sist endra: aldri | Forfatter: Monica Penne Norheim

Informsjon v. 49-50

Adventstida på BUS 
Etter ein kjekk periode med elevbedrift, er me nå tilbake til meir vanlege skuledagar. Det har vore nokre timar til Hei verden i dei to siste vekene. Elevane har lært om solidaritetsarbeid, om Sør-Amerika, om Peru og om organisasjonen Hei verden. I desember pyntar me klasseromma og har ein aktivitetskalender i klassane. Elevrådet arrangerer i den siste veka temadagar, der elevane kler seg ut. Beste klasse blir premiert med blant anna 1 time padel for heile klassen. 
 
Hei verden 
I sist veke var elevane med på bøsseinnsamling for og samla inn pengar til Hei verden. I år ynskjer me å gjera ein ekstra innsats, der me prøver å få inn litt meir pengar. Valfaget «Innsats for andre» arrangerer Hei verden-løpet “Spring for livet”. Løpet skal gå rundt skulen. Elevane skal få seg sponsorar som betalar ein sum pr. løpt runde. Ein kan òg betala ein eingongssum eller velje eit maxbeløp. 
 
Julegudsteneste/adventssamling 
Onsdag 17. desember kan elevane velga om dei vil vera med på adventssamling på skulen eller julegudsteneste i Bryne kyrkje. Føresette må gå inn i Visma-appen og kryssa av kva barnet skal vera med på.