Meny
Velg trinn eller SFO Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Grønt nivå i skular på Jæren

Time, Klepp, Hå og Gjesdal har beslutta å gå over til grønt nivå i skular og barnehagar frå og med torsdag 20. januar.

Me går over til grønt nivå i alle skulane og barnehagane, seier Øystein Øgaard, kommuneoverlege i Time, på vegne av dei fire kommunane. 

Dette er i tråd med regjeringa sin strategi som seier at me skal tåla smitteauke og samtidig halda samfunnet ope.  

- Ved større smitteutbrot i ein skule eller barnehage vil jamnleg testing av elevar og lærarar vera det viktigaste me kan gjera for å bremsa smitten, seier Roman Benz, kommuneoverlege i Klepp. 
Omikron-viruset er mildare, mange er vaksinerte og me har dermed mindre å frykta enn før. 


- Me kan også ved behov setta den enkelte skule eller barnehage på gult nivå, men per i dag er ikkje dette nødvendig i nokon av kommunane, seier kommuneoverlege i Hå, Gerd Signy Omland. 
Barn og unge skal ha minst mogleg tiltaksbyrde. Grønt nivå er dermed å føretrekka. 


- Me må rekna med ein del smitte i skular og barnehagar i tida framover. Samtidig er det slik at omikron stort sett gir mild sjukdom hjå barn og unge, seier kommuneoverlege i Gjesdal, Hans Petter Torvik. 

Grønt nivå betyr at skuledagen skal vera tilnærma normal. Ein brukar ikkje lenger kohortar, men unngår klemming, handhelsing og fysisk kontakt der det er mogleg. Vaksne skal halde avstand til kvarandre, og følga nasjonale smittevernreglar. 

Les meir her