Meny
Velg seksjon Framside
Trygt og godt skulemiljø

På Orre skule arbeidar vi for at alle elevar skal ha det trygt og godt. Dette er eit av fokusområda på skulen. Vi vil at alle skal ha det bra, finne vennar, oppføre seg fint overfor alle, samt unngå mobbing og krenkande atferd. Trygge elevar lærar mest. 

På heimesida finn du også ein raud mobbeknapp (melding til rektor), og ein blå link for trygt skulemiljø. Her kjem du inn på Jærskulen si side og har informasjon og linkar knytt til temaet. 

Om ein ikkje er nøgd med skulen si handtering av ei sak der ein elev ikkje har det trygt og godt, har ein rett til å melde saka vidare til Statsforvalteren i Rogaland. Her finn du meir informasjon om dette.