Meny
Velg seksjon Elevråd

Tysdag 22.juni er siste skuledag. Det er ein venleg skuledag, så elevane sluttar til same tid som andre tysdagar. Alle elevar kan få ha med seg litt ekstra kos denne dagen: ein liten brus/saft/jus og litt snop. Ordet «litt» kan ein godt merke seg:) Vi tenker at ein kan få litt snop for om lag 20,- Viss nokon ikkje har med, vil klassen dela med dei. Hugs også vanleg skulemat, snopet kjem på bordet etter maten.

Skulen vil også minne om klede ein kanskje har gløymd. Dei kleda som ikkje blir henta frå gløymekasse innan 22.juni vil bli levert til Fretex. 


Ny app-løysing for tovegskommunikasjon mellom skule, SFO og heim i Klepp kommune

Musikkgruppe spesial, et spesialtilbod om musikkaktivitet for psykisk utviklingshemma. 

Skulen har oppdatert sin smittevernplan i tråd med dei nye som kom før påske. Du finn den under Meny/Informasjon/smittevern.

Frå og med onsdag 20.januar er alle trinn på Orre skule tilbake på gult nivå. For elevar som har spansk og tysk på Klepp u vil undervisninga framleis vere digital i to veker til, fram til 1.februar. Alle andre fag vil gå som før jul. 

Det er framleis slik at elevar i ungdomsskulen med symptom må testa seg og halde seg heime til dei er friske. Elevar på barnetrinnet må halde seg heime til dei har god allmenntilstand. Sjå heimesida/informasjon/smittevern for meir informasjon. 


Under Skule - Heim-samarbeid har vi lagt ut bilete av gjengløymde klede. Sjå på bileta, og ta kontakt med skulen viss du finn noko som er ditt.