Meny
Velg seksjon Skulefråvær
Ferie for alle er eit gratis ferietilbod til barnefamiliar med pressa økonomi. Tilbodet er for barn frå 6-13 år. Alle søknadar går gjennom hjelpeapparatet i kommunen. Søknadsfrist er 17.september. Meir info finn du her

Det er ledig plasser i kulturskulen. Skjema finn du her

Torsdag 19.august startar skulen igjen etter ferien. Det har vore byggeaktivitet i sommar, og tre nye klasserom står klare 19.august. Desse romma skal vere klasserom når vi rehabiliterar det gamle 68-bygget. Dei nye romma blir fine, så det kjem til å gå heilt fint å mangle nokre rom den tida det tar å bli ferdige.

Det er mykej spennande vi skal gjere og lære dette året! Alle klassar skal ha uteskule fast på timeplanen ein dag i veka. De foreldre vil få informasjon om dette av lærarane, blant anna kva som kan krevst av klede og utstyr når ein skal på tur.

9.september inviterar skulen til Back to School-party i skulegarden. Sjølv om skulen er på grønt nivå, står vi framleis i ein pandemi. Det blir derfor ein kohortvis grillfest, med litt underhaldning. Det blir kjekt å sjå alle saman igjen!

Til våren blir skulen 100 år! Dette skal vi feire med jubileumsfest. 

Torsdag 19.august startar 2-7.trinn kl. 08.15. 1.trinn startar 09.00. Meir info til 1.trinn ligg her 


Ny app-løysing for tovegskommunikasjon mellom skule, SFO og heim i Klepp kommune