Meny
Velg seksjon Framside
Utviklingssamtalar

To gongar i året er det utviklingssamtaler på Orre skule. Her deltek føresette, kontaktlærar og elev. I forkant av samtalen vil det bli publisert vurderingar i Visma Flyt Skole, der føresette og elev går inn og les desse i lag. Vurderingane er eit utgangspunkt i samtalen. Fokus i samtalane er fagleg utvikling og trivsel. I alle samtalar vil ein spørje om eleven opplever mobbing, både om dette er noko ein opplever sjølve, har vore med på eller om ein har sett/høyrt andre bli mobba eller mobber. 

Skjema som utgangspunkt til samtalen finn de til høgre. Dette vil de også få utdelt av kontaktlærar i forkant av samtalen.