Meny
Velg seksjon Framside
Kven er vi?

Orre skule er ein barneskule med om lag 140 elevar og 23 tilsette. Vi ligg på Pollestad, 4 km frå Bryne sentrum. Skulen ligg landleg til med god adkomst til naturområde og flotte strender. Vi har eige symjebasseng og ein flott skulegard med ny ballbinge, gapahuk med grillplass og Tarzanløype. Me ligg også nært ein skatepark. Skulen blei 100 år i 2022.

Vi er for tida i gang med ein spennande byggeprosess. Delar av skulen blir rehabilitert, og vi skal lage ein skaparverkstad og nye, flotte klasserom. 

Vi har ei engasjert foreldregruppe med eit velfungerande FAU og Drifsstyre. Vi har og eit elevråd med engasjerte elevar. Elevrådet er aktivt med i gjennomføring og oppfølging av elevundersøkinga, og dei er stolte arrangørar av Orre talentar kvar haust. 

Vi er ein PALS-skule der vi legg vekt på positiv samhandling og støttande læringsmiljø. 

Alle elevar og vaksne nyttar læringsbrett i sitt daglege arbeid. 

Biletet under er henta frå Jærbladet: