Meny
Velg seksjon Rådgjevar
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Kontakt rådgjevar Anders S. Olsen
Epost rådgjevar
Telefon rådgjevar
Tid til søknadsfrist VGS
01.03.2017 kl 23:59
00
dagar
:
00
timar
:
00
min
:
00
sec
Søknadsfristen til VGS er ute.
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
http://www.bryne.vgs.no/Aktuelt/Ope-hus-torsdag-26.-januar

Litt info ang søknad og svar til vidaregåande skule.

Hugs på at Bryne VGS har open dag for elevar og føresette torsdag 21. januar. Vurderer du å gå på Bryne VGS neste skuleår, bør du ta turen til Bryne denne ettermiddagen. Klokkelsett 17-20. Se vedlegg til høyre for detaljert informasjon.

Hugs å besøke www.vilbli.no

 Mykje god og oppdatert informasjon der nå.


Y-vegen (Yrkesvegen) betyr at ein går direkte frå fagbrev til universitetet. Det er nokre utdanningstilbod på universitet og høgskular som tar inn studentar som har gått yrkesfag på vidaregåande og ein treng ikkje ta påbygg. Dette gjeld enkelte studie innanfor bygg, teknikk og elektro. Les meir ved å fylgje lenka under.

Utdanningsprogrammet Media og kommunikasjon i den vidaregåande skulen har fram til nå vore eit yrkesfag. Frå hausten 2016 vert det eit studieførebuande utdanningsprogram. Dette har mellom anna som konsekvens at ein i stor grad skal ha same fellesfag som på studieførebuande utdanningsprogram.

Dersom du skal gå på eit studieførebuande utdanningsprogram (IF; MK, MDD, KDA, ST), må du ha andre framandspråk som vanlegvis er tysk, spansk eller fransk. Har du ikkje hatt eit av desse språka i ungdomsskulen må du ha tysk i 3 år (Fransk på to skular i Stavanger, ingen har spansk for nybegynnarar). Tre stavangerskular tilbyr ikkje andre framandspråk på nivå 1.Dersom du kan lese og skrive eit anna språk, kan du få dette godkjendt som andre framandspråk ved å gå opp til eksamen i dette. Det kalllast privatisteksamen. Dette gjeld ikkje alle språk.

"Studier i Utlandet" (SIU) er staten sin organisasjon for å gje elevar tilbod til å gå heile eller delar av vidaregåande i utlandet.

Når du søkjer deg inn på vidaregåande skule konkurrerer du deg inn med sommerkarakterane i 10. klasse (gjeld ikkje private skular). Kor vanskeleg det er å kome inn på eit spesielt utdanningsprogram eller vidaregåande skule, vil variere frå år til år. Årsaka til dette er at talet på kor mange som søker det enkelte utdanningsprogram og skule variere frå år til år.

Alle har rett til vidaregåande opplæring. Ein må velje mellom 12 ulike utdanningsprogram. Fire utdanningsprogram er studieførebuande og åtte er yrkesretta.