Publisert: 10. november 2025 | Sist endra: aldri | Forfatter: Iselin Gjære Lothe

Trafikktryggleik i haustmørket

No er det mørkt om morgonen, og det aukar faren for trafikkfarlege situasjonar, særleg når det regnar i tillegg. Sjekk at sykkelen har fungerande lys og refleks, og gløym for all del ikkje hjelm når du syklar til skulen. Gåande må også bruke refleks. Bilistar bes om å unngå å køyre nedover Sveinsvollsvegen, krysset Sveinsvollsvegen/Skulegata er uoversiktleg.

Me oppfordrar alle føresette til å snakke med sine barn om trygg ferdsel i trafikken, og ber alle billistar om å køyre ekstra forsiktig i området kring skulen ved skulestart og skuleslutt. Me har ingen elevar å miste!