Publisert: 06. januar 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Jon Asgeir Lystvet

Tur til Garborgsenteret

Tur til Garborgsenteret onsdag 07.01.2026

 

På onsdag skal me utvide kulturarvhorisonten og vise elevane at det er viktig å lære om gamle heltar for å kunne meir om eigen identitet og plassen dei er frå, altså Jæren. Dei skal bli kjent med Garborgsenteret og få ei lita forelesing av Ørjan Johansen. Klassane har fått kvar si time i løpet av onsdagen. Skuledagen går som normalt utanom det. Turen er ein del av samarbeidsprosjektet "Lokal identitet" mellom Bryne ungdomsskule og Time historielag.