Publisert: 08. januar 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Jon Asgeir Lystvet
Foreldretreff med "Sterk og klar" tysdag 20.01
Foreldretreff om rusførebygging
Tysdag 20.januar kl.18:00-19:30 er det nytt "Sterk og klar!"-møte for føresette på Bryne ungdomsskule.
Me sit i kantina ved hovudinngangen. Meld deg på her
Målet med dette føredraget er at du skal få:
Kjenne til kva Ungdataundersøkinga fortel oss om rusmiddelbruk blant ungdom på ungdomskulen
Kjenne til faktorar som påverkar rusmiddelbruk
Reflektere over foreldras rolle i rusførebygging
Konkrete råd og tips til korleis foreldre kan snakke med ungdomen sin om rusmiddel
Like viktig som innhaldet i føredraget denne kvelden, er det at vi legg til rette for at foreldregruppa får tid til å prate saman. I løpet av kvelden skal dei bli samde om førebyggande tiltak dei vil ha fokus på dei tre neste åra. Det har ein god førebyggande effekt at foreldre set grensar i fellesskap og samtidig er gode rollemodellar saman.
Mari Prytz Malmanger er utdanna sosionom og har jobba med ungdomar på ulike arenaer sidan 2012. Mari
jobbar til dagleg i Ungdomsteamet i Sandnes der ho driv med oppsøkjande arbeid, individuelle samtalar med
ungdom og foreldrerådgjeving. Ho har mange nyttige erfaringar å dele med dei som er nærast ungdomen og er
opptekne av at ungdomar skal ha ein best mogeleg ungdomstid