Publisert: 09. januar 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Monica Penne Norheim

Informasjon veke 3-4

Bokbind 
Elevane har fått ny samfunnsfagsbok og må dermed få bokbind på den. 
 
Fagdag vgs 
Elevane har starta med utdannningsval og har hatt ei første opplæring og informasjon av rådgjevar Erling Knutzen om vidaregåande skule. I neste veke skal me ha fagdag, der elevane skal velga 3 utdanningsprogram som dei skal få informasjon om. 

Terminslutt 
Terminslutt er 16. januar og då blir terminkarakterane sette. Elevane kan finna karakterane i Visma tysdag 20. jan kl 12.30. Det er viktig at ein har fokus på framovermeldingane som ligg i Visma og arbeidar godt med desse tilbakemeldingane. Minner om at det er mat og helse og valfag som er avgangsfag dette året. 

Vinterball 
Torsdag 22.01 blir det vinterball på skulen i regi av elevrådet. Elevane vil få servert pizza og brus, og det vil vera kiosk som ein kan kjøpa litt godsaker i. Pris for juleballet er 150 kr. Ta kontakt om ein har problem med å betala for dette. Me håper at alle har lyst til å koma. Det blir disko med DJ i gymsalen, men og andre aktivitetar som gaming, brettspel, bordtennis og kortspel. Elevrådet kjem rundt i klassane og informere i neste veke. Kleskode for ballet er klede ein har på seg i selskap eller i julefeiringa. Elevane kan ikkje ha sko på seg, så ein treng ikkje ut å kjøpa nye sko. Håper alle har lyst til å koma!