Publisert: 23. januar 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Monica Penne Norheim
Informasjon v. 5-6
Ny termin
Då er me i gang med ny termin, og det kan vera lurt å setja seg nokre mål for ny termin!
Karakterane for første termin ligg ute, og det ligg tilbakemeldingar i Visma som ein bør sjekka
opp. Er det eit fag ein vil jobba litt ekstra med? Skal ein jobba litt meir i timane? Skal eg forbetra
karakteren i orden eller åtferd? Ta ein drøs heime om kva mål for denne terminen skal vera!
Skitur
I veke 7 reiser me truleg på skitur til Stavtjørn. Elevane kan velga mellom å stå på slalomski
(200kr for heiskort), gå på langrennstur (kan låna gratis langrennsski) eller aka på akebrett eller
kjelke. Meir info kjem seinare, men det kan vera lurt å sjekka om ein har det utstyret ein treng
eller ein må låna utstyr. Ta kontakt med skulen om ein ynskjer å låna langrennski eller varme
klede.
Studentar
I veke 6-8 vil det vere stundentar frå UiS på 10. trinnet, men dei skal og ha noko undervining på
9. trinnet. Vi håpar alle elevane tek dei godt imot.
Forfattarbesøk
Onsdag veke 5 får me besøk av forfattar Erling Flote som skal fortelja om bøkene sine og korleis
det er å vera forfattar.
Barnetråkk
På måndag i veke 5 skal elevane vera med på Barnetråkk som er ei undersøking der elevane
kartlegg kor dei går og syklar, kor dei samlar seg i fritida, kor er det utrygt å sykla og gå og om
det er noko dei ynskjer å endra i trafikkbiletet. Tilbakemeldingane bruker kommunen for å
kartleggja kor det er behov for forbetringar, og at det blir trygt for elevane å ferdast i kommunen.
Vinterballet
Me hadde eit veldig kjekt vinterball på torsdag! Tusen takk til alle føresette som var med og hjalp
oss med gjennomføringa.