Publisert: 06. februar 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Monica Penne Norheim
Vekeinformasjon v. 7-8
Prosjekt om mat og lokal identitet
I veke 8 skal me i gang med eit prosjekt om mat og lokal identitet. Elevane skal læra om jærske mattradisjonar på mange måtar. Me skal på Garborgsenteret og høyra på eit foredrag om Hulda Garborg, hustell og matoppskrifter. I mat og helse skal me laga tradisjonsmat og prøva nokre av oppskriftene til Hulda Garborg. Me får besøk av Håland kjøtt som skal snakka om kortreist mat, berekraft og jærske mattradisjonar. Bjørn Hagerup frå bryne FK skal koma og snakka om lokal identitet og matfatet me har på Jæren. Utover våren skal me sykla til Jærmuseet, der me skal læra meir om mattradisjonar. Der skal me laga smør og steika potetkaker. I tillegg skal me få besøk av Time bygdekvinnelag og me skal på eit gardsbesøk. Elevane skal og ta med seg ei matoppskrift med tradisjonsmat dei lagar heime, og oppskriftene skal me setja i saman til ei kokebok. Me gler oss til spennade veker.
Foreldremøte 4. mars
Det blir foreldremøte 4. mars kl 18.00 i aulaen. Innkalling til møtet kjem etter kvart. Set av dagen i kalenderen!
Skitur
Me jobbar mot ein skitur for trinnet i veke 10. Når dei siste detaljane er planlagt vil me senda ut meir informasjon om turen.
Valfag
I veke 7 kan elevane velga kva valfag dei ønskjer på 10. trinnet i ei Formsundersøking. Dei kan endra på vala sine fram til vinterferien.
Elev- og utviklingssamtalar
Kontaktlærarane startar opp med elevsamtalar i veke 7. Utviklingssamtalane vil vera i veke 11-13
Volleyballturnering
Valfag innsats for andre held på med å planleggja ei volleyballturnering for heile trinnet. Dette blir fredag 20. februar i 4.-6. time. Me gler oss til eit opplegg for heile trinnet