Publisert: 15. mars 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Monica Penne Norheim

Informasjon v. 12-13

Kjekke veker 
Det har skjedd mykje utanom vanleg undervisning i dei siste vekene. Me hadde ein flott skitur, der det blei nok snø både til aking, langrenn og slalom. Dei aller fleste elevane kosa seg masse og vil helst på ny tur så fort som mogleg. Me har og hatt sjakkturnering i sist veke, der elevar frå Jærtun og Vardheia kom på besøk. Elevane spelte kampar heile dagen, og dei konkurrerte om å bli beste klasse. Dessverre gjekk ikkje seieren til ein av våre klassar. Arbeidslivsfag hadde på torsdag og fredag eit eige prosjekt der Rogaland trevirke lærte elevane å laga ein flott krakk. Elevane fekk prøva ut avanserte maskinar som f eks CNC-maskin som freste ut flotte mønster på krakken. Elevane storkoste seg og var svært så stolte når dei gjekk heim med kvar sin flotte krakk. 
 
Elev- og utviklingssamtale 
Før påskeferien vil alle ha elev- og utviklingssamtale med kontaktlæraren. 
 
Arbeidspraksis i utdanningsval-veka veke 18/19 
Hugs at arbeidspraksisen skal ha relevans til utdanningsprogrammet du fordjupar deg i. Dei som ennå ikkje har skaffa seg arbeidspraksisplass, må gjera det nå! Spør evt. ansvarleg lærar for ditt utdanningsprogram om tips og hjelp. 
 
Varsel 
Om nokre elevar no står i fare for å ikkje få vurdering i fag, eller for å bli sett ned i orden eller åtferd vil det no bli sendt ut eit varsel før påske. Dette er i samsvar med opplæringslova §9-7. Varselet har til hensikt å gi eleven høve til å anten få karakter i fag, eller betre karakteren i orden og åtferd. 
 
Påskeferie 
Påskeferien er i år frå 30/3 til og med 7/4. Tysdag 7/4 er det planleggingsdag på skulen og elevane har fri. Første dag etter ferien er onsdag 8/4. 
Me ønskjer alle ei riktig god påske!