Publisert: 27. mars 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Monica Penne Norheim

Informasjon v. 15-16

Me ønsker alle ein fin påskeferie! Tysdag 7. april er det planleggingsdag, så første skuledag er onsdag 8. april for elevane. 
 
Tur til Jærmuseet 
I dei neste 2 vekene skal elevane sykla til Jærmuseet. Dette er ein del av prosjektet vårt med lokal identitet. Me skal læra om jærske råvarer og mattradisjonar og me skal laga potetkaker. Hugs å ha med sykkel, hjelm, nok klede, mat og drikke på turen. Viktig og at elevane kjem seg på skulen til rett tid, slik at me kjem oss avgarde på sykkelturen til Nærbø. Opplegget startar kl 09.00 på Jærmuseet. 
 
Utdanningsval 
Det nærmer seg og veke 18 når me skal besøka vidaregåande skule og skal ut i arbeidspraksis, og då må elevane fiksa seg ein arbeidsplass.  Ta kontakt om dokker lurer på noko.