Meny
Velg trinn/seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Korleis forholde seg når eleven har fått lus?


Korleis sjekke for hovudlus?

Du oppdagar hovudlus ved å greie håret med ein lusekam (finst på
apotek). Det er viktig at du greier heile håret si lengde, og at du
startar heilt inst ved hovudbotnen. Folkehelseinstituttet tilrår å
greie i vått hår fordi vått hår hemmar rørslene til lusa. Du kan
gjerne tilsette balsam for å lette kjemminga. Tørk kammen med
tørkepapir eller handkle etter kvart drag og sjå etter lus. Når
lusene har tørka, vil dei begynne å røre på seg.

Nokre syns det er betre å greie i tørt hår. Personen som blir greidd bør då stå bøygd over eit kvitt
handkle eller liknande, slik at lus som fell ned frå håret blir oppdaga.
Det viktigaste tiltaket for å unngå hovudlus er å sjekke ofte. Utover aksjonsperioden bør barna bli
sjekka for hovudlus minst éin gong i månaden, gjerne éin gong i veka.


• Sjå gjerne Folkehelseinstituttet sin instruksjonsfilm om hovudlus-sjekk, som du finn på:
www.fhi.no/lus

 

Behandling mot hovudlus
Det finst fleire alternative behandlingar mot hovudlus:
• Behandle med lusemiddel (finst på apotek). NB! Det er viktig å følgje pakningsvedlegget
nøye. Middel som inneheld verkestoffet dimetikon har vist seg å ha god effekt.
• Kjemme håret hyppig (dagleg i 14 dagar).
• Klyppe håret kortare enn 0,5 cm.

 

Nyttig å vite
Barn som har hovudlus treng ikkje å vere heime frå skolen eller barnehagen, men behandling bør
komme i gang raskast mogleg.
Hovudlus er ikkje farleg, men det er brysamt for den det rammar. Hovudlus smittar ved hovud-tilhovud-kontakt, og ikkje via luer, kosedyr eller andre gjenstandar. Alle kan bli smitta av hovudlus,
uavhengig av alder, hårtype osb.
Lus blir raskt svekka når dei er borte frå hovudet. Det er derfor ikkje nødvendig å vaske klede, hus og
møblar