Meny
Velg trinn/seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Kantine

Bryne Ungdomsskule har kantine, der det er sal kvar dag. Det er brødmat med mange ulike pålegg å velja i mellom. Måndag, onsdag og fredag lagar valfaggruppene ulik mat som lapskaus, pastasalat, pizzasnurrar, baguettar mm. God morgon-yoghurt og vanlege yoghurtar kan ein og kjøpa.

Når det gjeld drikke, kan ein velja mellom mjølk, Litago og ulike justypar.

Betalinga skjer kontant eller med klyppekort i kantina. Klyppekort er billigast! Elevane må fylla ut eit skjema som føresette må skriva under på, for å få kjøpt eit klyppekort. Skjemaet får du på skulen, eller du kan printa ut skjemaet frå heimesida. Føresette vil då få ein giro i posten eller som digipost.