Publisert: 01. oktober 2025 | Sist endra: aldri | Forfatter: Iselin Gjære Lothe
Kanonballturnering i Timehallen
I veke 40 har me eit tverrfagleg fokus på psykisk helse i samband med Verdensdagen for psykisk helse. I år har elevrådet bestemt at slagordet skal vere #styrk fellesskapet, og dei har tatt initiativ til og planlagt ei kanonballturnering for heile skulen. Laga var sett saman på tvers av klassar og trinn, og alle elevane har vore med på eit lag. I dag gjekk det slag i slag med kampar i Timehallen, og fredag er det sluttspel med finale og kamp mellom vinnarlaget og lærarlaget. I bildegalleriet kan de sjå nokre glimt frå dagen.