Publisert: 12. november 2025 | Sist endra: aldri | Forfatter: Iselin Gjære Lothe
Elevbedriftsmesse på 9.trinn
9.trinn har i haust jobba med innovasjon og entreprenørskap. Dei har etablert bedrifter, og produsert varer og tenester som dei har solgt i lokalmiljøet. Takk til alle som har støtta dei og heia dei fram.
Onsdag 12.november inviterte dei familie og venner til elevbedriftsmesse i gymsalen, kor dei så langt som råd fekk solgt ut varelageret sitt og vist fram heile prosjektet sitt. Ungt Entreprenørskap var også til stades og leia ein jury som delte ut ulike prisar. Prisvinnarane kvalifiserer seg til fylkesfinalen i april.
Elevbedrift er eit tverrfagleg prosjekt. Elevane lærer om korleis opprette ein bedrift, korleis laga stillingsutlysing, korleis skrive jobbsøknad, korleis jobba med budsjett og rekneskap, korleis lage reklame og design av emballasje, kva betyr det å betala skatt, m.m. Ikkje minst lærer dei om samarbeid, konfliktløysing og ledelse. Det er minst like mykje læring i å styre ei bedrift som endar opp med underskot, som ei som har eit solid overskot. Å flytte læringa ut av klasserommet byr på nye meistringsopplevingar og elevane får sjå at opplæringa er relevant i det verkelege liv.
I bildegalleriet kan de sjå nokre av bedriftene frå messa.