Publisert: 18. februar 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Morten Erga Finsberg

Foreldremøte: Valgfag+språkfag

Hei!

Tusen takk for et fint foreldremøte i går!

Her er linken til Form-undersøkinga som elevane skal svare på ang val av språkfag og valfag. Denne skal også vere send til dykk via Visma frå barneskulane: Forms - valgfag og språkfag

Her er beskrivingane av dei ulike valfaga. Minner om at fristen er fredag 13.mars.

  • Fysisk aktivitet og helse – Idrett: I dette valfaget driv me ulike idrettar og aktivitetar. Me er både inne og ute. Me har også teori om kosthald og fysisk aktivitet. Du må vera førebudd på å sykla, bada, jogga og mykje anna.
  • Programmering: Syns du at teknologi og programmering er interessant? I programmering valfag får du arbeida med programmering av mellom anna ulike robotar som Lego Mindstorms og Microbit. Du lærer å bruka ulike programmeringsspråk til å løysa ulike utfordringar.
  • Friluftsliv: I dette faget skal me vise respekt for vêr og natur ved å kle oss godt, pakke sekk og planleggje turar ut ifrå eigne føresetnader. Me må lære å nyte og ta vare på naturen. Me kan plukke blomar, bær, sopp, lage leirplass og bade, men alltid hugse på sporlaus ferdsel.
  • Design og redesign: I valfaget Design og redesign skal elevane få utvikla kreativitet og skaparglede gjennom å utvikle eit eller fleire produkt frå idéfase til ferdig produkt. Faget legg vekt på det å øve elevane si bevisstheit rundt gjenbruk og det å bruke forkasta materialar i nye samanhengar. Elevane er med på å utvikle fleire av oppgåvene.
  • Utvikling av produkt og tenester: I dette faget arbeider de med produksjon og sal av mat til kantine. Du må like å lage mat, og du må kunne samarbeide med andre.  Du skal lære å føre rekneskap, lage reklame og å planlegge arbeidet.
  • Innsats for andre: I dette faget jobbar me med medborgarskap i praksis: me bidreg gjennom praktisk arbeid til eit eller fleire gode formål som klassen finn i fellesskap. Tidlegare år har elevane mellom anna samla inn pengar til gode formål, plukka søppel, rydda hagar på Bryne og gjort ein innsats i ein frivillig organisasjon.
  • Produksjon for scene: Produksjon for Scene er eit fag for alle dei som er glad i scenekunst. Dette kan bety både teater, dans, musikk og andre ting som du kan framføre, men det handlar også om det å skape ei meining om førestillingar og framføringar. PfS handlar om det som skjer på scenen, men også like mykje det som skjer bak i kulissane.