Publisert: 19. februar 2026 | Sist endra: 19. februar 2026 | Forfatter: Iselin Gjære Lothe

Lokal identitet og Bryne FK

Bryne ungdomsskule har eit prosjekt saman med Time Historielag om lokal identitet, og i samband med dette har 9.trinn hatt besøk av Bryne FK.
Alvilde og Regina har skrive ein artikkel om besøket:

Denne veka har me hatt lokal identitet som tema.
Me har hatt besøk av Bjørn Hagerup Røken, som er markedssjef i Bryne FK.

Han fortalde oss om korleis han fremjar den lokale identiteten til Bryne gjennom måten han marknadsfører Bryne FK på. Til dømes ved å gi ut råvarer frå Jæren til banens beste spelarar på kampane, for å vere unike samanlikna med andre fotballklubbar.
I tillegg brukar han både Haaland og Kaizers Orchestra for å skaffe meir merksemd til Bryne. Han har òg brukt bondeidentiteten til Bryne, til dømes ved å ha ein traktortribune.

Mange av stunta hans har gått viralt internasjonalt og skapt mykje merksemd rundt den vesle bondeklubben Bryne FK. Til dømes då De Boer fekk egg som premie, noko som skapte stor merksemd internasjonalt, og amerikansk radio tok kontakt med klubben.

Desse marknadsføringstiltaka har gitt resultat.
Klubben står saman med supportarane og lokalsamfunnet, skaper samhald og styrkjer identiteten. Det aukar engasjementet og merksemda rundt klubben.

Tusen takk til Bryne FK og Bjørn Hagerup Røken for at dei ville kome hit og fortelje oss om dette.

Skrive av Alvilde og Regina