Publisert: 25. mars 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Eik Riskedal og Lauritz Hustoft Flataukan
Frå tørre scones til VM
Torsdag 19.mars fekk me på niande trinn besøk av Aron Espeland som er del av det norske kokkelandslaget. Han har vunnet junior-VM, olympisk mester og masse anna. Aron lager mat til alt frå Cristiano Ronaldo, Oskar Westerlin og fotballandslaget. Visste du at Ronaldo verken liker smør eller fløte, men elsker tomater og agurker fra Wiig gartneri.
Uansett kor i verda Aron lager mat, tek han med seg kor han kjem ifra. Både rettane og ingrediensane han bruker beskriver Jæren. I VM i Dubai tok han med seg potetene til Gabriel Høyland og kom på første plass. Aron sin bestefar er bonde, og har lært han å respektere og ikkje sløse råvarene frå Jæren. Aron legg vekt på å bruke heile dyret i rettane sine. Han seier sjølv at når me bur mitt i Norges matfat, er det dumt å gå glipp av all kvalitetsmaten.
23 desember 2025 ringte eit ukjent nummer til Aron midt i kebaben på Yummy Time. Då han endeleg tok telefonen fekk han seg ei overrasking. På andre sida av samtalen var det Ståle Solbakken som insisterte på å ha han med som kokk under VM i USA. Verdiane hans var i tråd med det NFF var ute etter. “Ærligheit, respekt, drivkraft og norske grønnsaker”. Mat handlar ikkje berre om å eta, det handlar om kven me er. Ver stolte av kor ein kjem ifrå og å utforska lokal mat. Dette var ei oppfordring frå Aron til ungdommen på Bryne ungdomsskule.
Skrive av: Eik Riskedal og Lauritz Hustoft Flataukan