Publisert: 19. april 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Monica Penne Norheim

Informasjon v. 17-18

Utdanningsval
Sjå plan for utdanningssval-veka på vekeplanen. Elevane finn all info og lister på OneNote/utdanningsval.

Frå tysdag 28. april til tysdag 4. mai skal elevane ikkje ha vanlege skuledagar. Dei skal ha
arbeidspraksis, hospiteringsdag i den vidaregåande skulen, turar og prosjekt. Alt er knytt opp til
fordjupinga i eit utdanningsprogram i den vidaregåande skulen. Det er viktig at eleven veit kva
som skjer kvar dag og møter på tida. Dersom ein er sjuk, må ein ringja arbeidsgjevar seinast fem
minutt før arbeidstida startar. I løpet av veka bør eleven førebu seg på refleksjonsarbeidet som kjem i etterkant.

Fylkesmeisterskap i elevbedrift
Onsdag 22. april skal 10 elevbedrifter og 35 elevar representera Bryne ungdomsskule i
regionsmeisterskapet i elevbedrifter. Det skjer i Stavanger konserthus og desse elevane tar
toget kl. 07.58. Følg med her for resultater og info: Ungt Entreprenørskap | Regionmesterskapet
for elevbedrifter.

Fridag

Fredag 1. mai er fridag!