Publisert: 01. mai 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Monica Penne Norheim

Informasjon v. 19-20

Utdanningsval veke 19 
Me er i full gang med utdanningsval. Elevane er ute i arbeidspraksis eller er på idrettsprosjekt. I tillegg er det hospitering på vidaregåande skule. På måndag skal BA, TIF og SF på bussturar for å besøka bedriftar eller universitetet. Onsdag er dei fleste elevane tilbake på skulen, men ei gruppe på TIF skal til Bryne vgs på hospitering. 
 
Overnattingsturen 
Me er veldig takknemlege for all hjelp me har fått med låning av telt og køyring til/frå Brekko. Me gler oss masse, og er i full gang med planlegginga!  På turen skal me gå ein topptur eller ein litt kortare tur. Det vil og vera mogleg å padla i kano og å bada i vatnet! Det vil koma eit eige infoskriv med pakkeliste. Fint om elevane pakkar sjølv, slik dei veit kva dei har med seg, men at føresette er med og hjelper til. 
 
Kristi himmelfart 
Torsdag 14. mai er Kristi himmelfartsdag og ein fridag. 15. mai er inneklemd dag og elevane får då også fri. Nyt langhelga! 

17. mai 
17. mai fell i år på ein søndag i ei langhelg, men me håper likevel å sjå alle elevane i barnetoget! Møt opp på Bryne stadion kl 09.15 i finstasen med godt humør og flagg i handa! 

Tinestafetten 6. mai 
Onsdag 6.mai blir Tinestafetten arrangert på Lye stadion. Dei elevane som vil vera med på stafetten er påmelde på fleire lag. Me syklar samla opp til skulen. Ha på treningsklede før du kjem til skulen. Du får utdelt t-skjorte og startnummer i kantina før me syklar opp. Ta med matpakke og drikke.  
 
For dei som ikkje skal springa stafetten, vil det bli arrangert Tinestafett-løpet for alle elevane i 5.-6. time på skulen. Ha på treningsklede før du kjem på skulen. På dette løpet kan du springa fort, jogga eller gå. Det vil vera ulike lengder på løypene.