Publisert: 25. september 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Morten Erga Finsberg

Vekeinformasjon veke 40-42

Verdensdagen for psykisk helse 
Fredag 2.10 skal vi markere verdsdagen for psykisk helse. Dagen blir markert offisielt 10.oktober, men vi bruker høvet for å ha ein innhaldsrik dag før haustferien. Etter lunsj skal elevane på diverse aktivitetar. Mellom anna bingo med Brit, orientering, og ein time med aktivitetar som elevane har meldt seg på. Temaet i år er "Tillit er beredskap. Kvar handling tel": 

Haustferie 
Veke 41 er haustferien. Vi ønskjer alle ein god ferie, og håpar de bruker tida godt på å lade opp batteria. Elevane byrjar på skulen igjen måndag 12.oktober. Då er det ikkje studium, og elevane startar kl 08:55. 

Valfag 
Veke 40 er siste sjanse til å sende ønske om byte om valfag. Etter dette må elevane stå i det valet dei har teke.  
Merk dykk at det er ikkje sikkert ein får bytt til det ein ønskjer dersom det er fult. 
Valfag er noko ein vel kvart år, og elevane får høve til å velje noko anna til neste år. 

Helsing oss på 8.trinn