Publisert: 30. oktober 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Morten Erga Finsberg

Informasjon veke 45-46

Lesekonkurranse 
No er konkurransen i gang! Me håpar de vil vera med å heia fram lesinga heime. Elevane får eit kvarter lesing på skulen kvar dag, i tillegg til ein heil lesetime i veka. Me trur at elevane vil oppdaga ulike bøker dei trivst med å lesa i denne perioden og gler oss til eit ekstra lesefokus i november. 

Sterk og klar 
Tysdag 3. november kl. 18 er det foreldremøte i regi av Sterk & klar i aulaen på skulen. Temaet er foreldrerolla i møte med tenåringar. Det er påmelding til arrangementet på skulen si heimeside.   

Elevundersøkinga 
I veke 45 og 46 skal elevane gjennomføra elevundersøkinga. Det tar i underkant av ein skuletime. Her får dei spørsmål om korleis kvardagen er som elev, og resultata frå undersøkinga er viktige i utviklingsarbeidet på skulen.  

Planleggingsdag 
Fredag 13. november er det planleggingsdag, og elevane har fri.  

Elevkveld 
I veke 47 og 48 har vi Hei-Verden-aksjon på skulen. Merk datoen 25. november. Då blir det elevkveld til støtte for Bangladesh.  

Helsing oss på 8.trinn