Publisert: 15. november 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: 8.trinn
Vekeinformasjon v.47-48
Hei
Kick-off Hei verden
Veke 47 startar med felles kick-off for Hei Verden-aksjonen til støtte for Bangladesh. Her lærer vi meir om kva pengane vi samlar inn går til. Vi får óg besøk av nokon som har blitt støtta av arbeidet Hei Verden driv, så vi får innblikk både i korleis arbeidet blir organisert, og kva effekt det har for den einskilde sitt liv. Den 25. november kl. 17 er det elevkveld der foreldre, føresette og søsken er invitert.
Elevbedriftsmesse
På tysdag skal åttande trinn besøka elevbedriftsmessa til niande trinn. Dette er ei utstilling i gymsalen der niandetrinnselevane viser fram kva type bedrift dei har utvikla og jobba med i haust.
Trinnleiar
Jon Asgeir Lystvet, Asgeir, vil fungera som trinnleiar på åttande trinn framover. Dette er fordi Morten er sjukmeldt. Asgeir har allereie vore innom trinnet jamleg, og kjenner elevane og oss vaksne godt.
Med ønskje om ein fortsatt lærerik og fin haust
Helsing oss på 8. trinn