Elevar som bur meir enn 4 kilometer frå skulen har rett til gratis skyss.
Elevane som kjem frå Hognestad skule og har krav på skyss på grunn av avstand, treng ikkje søke skulen om skyss. Elevane vil få utdelt busskort fyrste skuledag.
Dersom eleven har delt bustad, kan de søke om skyss. For å få innvilga skyss, er det visse vilkår som må oppfyllast. Ta kontakt med saksbehandlar på skulen for å få søknadsskjema. Det er Kolumbus som behandlar og svarer på søknaden.
Ved varig eller midlertidig sjukdom eller funksjonshemning kontaktes elevens skule, som bestiller nødvendig skyss. Skyss som bestilles direkte frå transportør, dekkes ikkje. Ved søknad om varig eller midlertidig tilrettelagt skuleskyss, skal legeerklæring/sakkyndig vurdering om skyssbehovet leveres med søknaden. Dersom det blir vurdert slik at det er medisinske årsaker til at eleven må transporteres med taxi, må dette grunngis særskilt.
Det er viktig å merke seg at på skulevegen til og frå skulen gjeld vanlege trafikkreglar. Dei som sykler må nytta hjelm og dei som sparker er oppfordra til å ha hjelm. For dei som tek skulebuss er det viktig å halda reglane for av- og påstigning, samt at dei nyttar setebelte.
Inne på Reiseplanlegger til Kolumbus, kan de søke på rutetid og kart over kor bussen køyrer.
For meir info om skuleskyss, sjekk Time kommune si heimeside.