Ordforklaringar

Studiekompetanse - Det vitnemålet frå studieførebuande utdanningsprogram eller påbygg etter yrkesfag gir deg. Dette er minstekravet for å kome inn på universitet/høgskule. 

Yrkesfag -  10 av 15 utdanningsprogramma i den vidaregåande skulen. Desse er meir praktisk retta. To år på skule og to år i lære, så kan ein få eit fagbrev.

Studieforebuande - fem av 15 utdanningsprogram i den vidaregåande skulen. Desse er dei mest teoretiske, og yrkesutdanninga må skje etterpå, på universitet/høgskule. 

Studiespesialisering - eit av 15 utdanningsprogram i den vidergåande skulen, og det mest teoretiske. Her kan ein mellom anna få realfag som enkelte universitetsstudier krev. 

Læretid - vanlegvis 3. og 4. året på yrkesfag. Opplæring skjer i bedrift og er lønna. 

Fagprøve - praktisk prøve på slutten av læretida. Når ein består dette får ein fagbrev og er ferdig med vidaregåande utdanning.  

Fagbrev - eit bevis på at ein har bestått fagprøven. Ein er dermed ferdig med vidaregåande skule og kan få jobb som fagutdanna.

Påbygg - eittårig kurs som gir studiekompetanse for dei som har gått yrkesfag. Ein kan ta det som eit tredje- eller eit femteår.

Fagskule - vidareutdanninga for dei med fagbrev. Varer mellom 6 og 24 månader. Kan ta det både på deltid og heiltid.

Y-vegen - ein mogleg veg direkte frå fagbrev til enkelte universitetsutdanningar.  

Realfag - er ein gruppe med naturvitenskapelige fag som matte, fysikk og kjemi. Er òg ei av to linjer ein må velje mellom på studiespesialisering.

SSØ - står for språk, samfunnsfag, økonomi. Er ei av to linjer ein må velje mellom på studiespesialisering.