Karakterfritak i ungdomsskulen og konsekvensar i vgs

I vedlegget til denne artikkelen, vert det gjort grundig greie for kva konsekvensar det kan ha å ha fritak for vurdering i fag i ungdomsskulen. Enkelt sagt kan ein sei at dersom ein ønsker vitnemål/fagbrev når ein fullfører vidaregåande skule (vgs), må ein ha karakteren 2 eller betre i alle fag. Dersom ein då vel å ha karakterfritak i ungdomsskulen, går ein i hovudsak mot eit løp i vgs som endar i grunnkompetanse, ikkje fullverdig vitnemål eller fagbrev. Les meir i vedlegget frå Rogaland fylkeskommune.