Rogaland fylkeskommune vil strame inn tilgangen til innsøkning på vidaregåande skule (vgs) etter §4-20 Individuell behandling. Det er då snakk om tredje ledd (siste setning) i paragrafen som seier "Fylkeskommunen kan også behandle søkjarar individuelt dersom det ligg føre tungtvegande grunnar og søkjaren har eit særleg behov for det." I vedlegget finn du dei fire kategoriane som sannsynlegvis vil kunne gje medhald i ein slik søknad og kva krav som vert stilt.