Forskrift
oppll. § 9-34 Særskild tilrettelegging av eksamen
Elevar og privatistar har rett til særskild
tilrettelegging av eksamen dersom dei treng det for å få vist kompetansen sin i
faget. Tilrettelegginga må vere tilpassa behova til kvar enkelt elev eller
privatist så langt det er mogleg, men eleven eller privatisten må bli prøvd i
kompetansemåla i faget og skal ikkje få fordelar framfor andre
eksamenskandidatar.
Der det i læreplanen i faget er lagt særleg
vekt på skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, skal eksamen ikkje
leggjast til rette på ein slik måte at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde.
Elevar og privatistar må søkje kommunen eller
fylkeskommunen om å få særskilt tilrettelagd eksamen. Kommunen eller
fylkeskommunen avgjer kva slags tilretteleggingstiltak som skal setjast inn.
Rektor avgjer etter søknad
kva for ordningar som skal nyttast for elevar. Avgjerda til rektor er eit
enkeltvedtak som kan påklagast til statsforvaltaren. Rektor kan krevje uttale
frå ein sakkunnig instans. Særskild tilrettelegging av eksamen krev ikkje vedtak
om spesialundervisning.
Husk at helsemessige årsaker må dokumenteres med en legeerklæring. Andre årsaker må også dokumenteres.
Fyll ut vedlegget og send det til rektor som vil saksbehandle søknaden. Bruk mailen: Sverre.Bjotveit@kristiansand.kommune.no