Meny
Velg Trinn eller SFO Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Tilgjengelegheitserklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Skulefritidsordninga (SFO)

MOTTO: Tryggleik, trivsel og utvikling

Første- og andreklassingane i Noreg skal frå august 2023 få tilbod om gratis kjernetid i skulefritidsordninga. For 1.- og 2.-klassingar i Time kommune vil tilbodet om 3 dagar i skulefritidsordninga difor blir gratis frå 1. august 2023.

Om føresette ønskjer tilbod om 4 eller 5 dagar, vil prisen på eit 3 dagarstilbod bli trekt frå prisen på det tilbodet føresette vel.  
Døme: kr 3.340,- (5 dagar) – kr. 2000,- (3 dagar) =  kr. 1.330,- betalar ein for 5 dagar.  
Matpengar er rekna utanom pris på tilbodet. Dette må ein betale i tillegg.  
Dei vekene i skuleåret skulen har stengt og SFO er open, kan ein nytte dagane ein har plass på SFO. Det er og mogleg å kjøpe opphald ekstra dagar. Denne ordninga gjeld og for ferieveka i slutten av juni og før skulestart i august.  
Ein melder seg på tilbodet via Visma flyt skule. Det ligg lenke på heimesida til skulen. I oversikt over tilboda ein kan velje, er det eigne tilbod for 1. og 2. klasse. Føresette vel då det tilbodet dei ønskjer for sin elev dg/veke.

  • 5 dg/veke kr. 3.340,-     kost kr. 230,-
  • 4 dg/veke kr. 2.660,-     kost kr. 190,-
  • 3 dg/veke kr. 2.000,-     kost kr. 140,-
  • 2 dg/veke kr. 1.330,-     kost kr. 100,-

Pris pr ekstra dag: kr. 295,- 

Ein betaler for 11 månader per år. - Det  vert ikkje gitt søskenmoderasjon. - Ein kan søkje om redusert foreldrebetaling på grunn av låg inntekt. 

Skulefritidsordninga på Lye skule er ope kvar dag frå klokka:07.00 til skulestart og frå skuleslutt til 16.00 kvar dag. 

Søknad om plass i SFO finn de under menyen på høgre side, under SFO. Søknadsfristen er 1. mars.

Vedtektene finn de her