Meny
Velg Trinn eller SFO SFO
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Endring i betalingssatsane i SFO frå 01.01.2024:

2 dagar kr. 1.330,-. Gratis for 1. og 2. klasse. Matpengar kr. 100,-.
3 dagar kr. 2.000,-. Gratis for 1. og 2. klasse. Matpengar kr. 140,-.
4 dagar kr. 2.660,-. Kr. 660,- for 1.og 2. klasse. Matpengar kr. 190,-.
5 dagar kr. 3.340,-. Kr. 1.330,- for 1. og 2. klasse. Matpengar kr. 230,-.

Kjøp av ekstra dag: kr. 295,-.

 

Skulefritidsordninga på Lye skule er ope kvar dag frå klokka:

07.00 til skulestart og frå skuleslutt til 16.00 kvar dag.

De kan nå oss på:  tlf. 976 79 971 eller 51776096 eller send
e-post til: iselin.stangeland@time.kommune.no

 

Alle som har redusert foreldrebetaling, må søkje på nytt til neste skuleår, så vil søknaden bli behandla på ny.

Dette gjeld og nye 1.klasse.


Tysdg 2.april har SFO og skule planleggingsdag og er derfor stengt.

God påske!


I samband med overgang til nytt skuleår er det vanleg at nokon vil endra eller seie opp tilbodet ein har i SFO. For å unngå misforståingar vil me minna om reglane som gjeld for endring/oppseiing av tilbod om SFO. Reglane for oppseiing er fastsett i §4 i “Vedtekter for skulefritidsordninga i Time kommune”. 
Oppseiingstid for tilbod i SFO er 2 månadar. Ein må seie opp innan dem 1. dagen i månaden 2 månadar før ein vil at oppseiinga skal gjelda.  
For oppseiing på slutten av skuleåret gjeld det at om ein seier opp plassen ved SFO etter 1. mars, må ein betala for tilbodet ut skuleåret, dvs. til og med juni.  
Om ein ikkje vil behalde plassen i august, må ein seia opp tilbodet innan 1. mai.  
Ved oppseiing etter 1. mai, må ein betala for tilbodet i august.  

Om de allereie no veit at de ikkje vil ha tilbod ved SFO i august 2024 set me stor pris på at de melder frå. Dette gjer det enklare å planlegge bemanninga og bruk av ressursar, og slik kan me gje ungane eit best mogleg tilbod.  

Ved ingen endringer, beholder du plassen ut fjerde klasse.

Har du redusert foreldre betaling må dette søkjas om på ny til neste skuleår.


Elevane på 1. og 2. trinn får gratis kjernetid i SFO.  I Time kommune er gratis kjernetid definert som 3 dagarstilbodet. 2 dagars tilbodet vil og vera gratis for denne gruppa. Om føresette på 1. og 2. trinn ønskjer tilbod om 4 eller 5 dagar, vil prisen på eit 3 dagarstilbod bli trekt frå prisen på det tilbodet føresette vel.   



Treng du SFO- plass for din nye 1.klassing neste år er fristen for å søkje 1.mars  - Du søkjer i Visma Flyt skule. 

Du finn info om priser på SFO si framside her på heimesida.

 

Besøkskveld på SFO for nye 1.klassingar med føresette er torsdag 22.februar klokka 16.15 - 17.15.


Nye prisar for SFO frå 1. januar 2024
Foreldrebetalinga for SFO blir justert kvart kalenderår, jf. vedtektene for skulefritidsordninga i Time kommune. 
Kommunestyret vedtok 12. desember "Prisliste 2024" med prisar for ulike kommunale tenester. Satsane gjeld frå 1.januar 2024. 

Du kan også velje eit 2 dagars tilbod i SFO.

Gjeldande priser ligg øvst på SFO si heimeside.


2. januar har SFO planleggingsdag, SFO er derfor stengt. 


Midlertidig stopp i SFO søknad/endringar/oppseiing  i juli.

Da Visma Flyt Skule vil bli klargjort for å opne opp nytt skuleår 2023-2024 vil det ikkje vera mogleg å søke SFO og legge inn endringar på SFO opphaldet i perioden  30.06 – 15.07.2023.
De som føresett vil ikkje finna valet for å søke SFO i denne perioden.

Til føresette ved SFO 
Di meining er viktig! 
Vi ønsker å gje ungane eit best mogleg tilbod ved vår SFO og ved SFO-tilboda i Time kommune.  
For å gjera dette treng me informasjon frå dei føresette om deira erfaringar og meiningar om SFO-tilbodet. Tilbakemelding kan du gje oss gjennom brukarundersøkinga som no skal gjennomførast.  
Informasjonen  som kjem inn gjennom brukarundersøkinga blir brukt i kvalitets- og  forbetringsarbeidet ved vår SFO og i skuleeigar sitt arbeidet med kvaliteten på SFO-tilbodet i  heile kommunen. Resultatet av undersøkinga blir rapportert til utval for levekår i Time kommune,  slik at dei kan leggja dykkar  meiningar til grunn for sine avgjerder. 
Om gjennomføringa: 
Undersøkinga er anonym og kan ikkje sporast tilbake til deg. Du treng om lag 5 minutt  til gjennomføringa.  
Alle føresette  får tilsendt e-post med link til pålogging og passord. Til utsending bruker vi e-postadressa som er registrert på deg i Visma flyt skule. Om du ikkje mottar e-posten, må du snarast melde frå til SFO. Då har me ikkje rett adresse. Me må ha tilbakemelding innan 23.03.2023 om adressa er feil.  
 
Det blir send ut pålogging for kvart barn i SFO. Tre av spørsmåla er retta mot barnet sin trivsel og tryggleik, og det er difor nødvendig med ei tilbakemeldig for kvart barn. Om du har fleire barn som har tilbod ved SFO, vil du med andre ord få ei brukarundersøkinga for kvart barn. 
Undersøkinga vert send ut 20. mars og er open fram til 31. mars.  
Me håpar at du vil setje av nokre minutt for å gjera dette.  

Takk for hjelpa! 
Venleg helsing Lye SFO