Meny
Velg Trinn eller SFO Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Tilgjengelegheitserklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Transport skuleskyss og trafikkplan

På skulevegen til og frå skulen gjeld vanlege trafikkreglar. Dei som sykler må nytta hjelm og dei som sparker oppfordrer ein til å ha hjelm. For dei som tek skulebuss er det viktig å halda reglane for av- og påstigning.  

Ordinær skuleskyss. I opplæringsloven § 7-1 står det om skyss i grunnskulen. Elevar i 2.-10. årstrinn som bur meir enn fire kilometer frå skolen har rett til gratis skyss. For elevar i 1. årstrinn er skyssgrensa to kilometer. Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda.  

Farleg skuleveg rundt Lye skule. Time kommune har gjort ei ny vurdering av vegane inn til Hognestad skule, Lye skule og Undheim skule. Dei har laga kart som viser kva vegar som er trygge å ferdast på for mjuke trafikkantar. På kartet er dei trygge vegane farga grøne og og dei som ikkje er trygg røde. Levekår i Time har vedteke at dei som må bruka dei røde vegane for å koma til skulen, kan søkja om skuleskyss sjølv om dei ikkje har krav på skyss på grunn av veglengda.  

Dei som må nytta dei røde vegane for å koma til skulen, kan søkja skulen sin om skyss på grunn av farleg skuleveg.  

SK2101 skulebussruta ligg her

De finn søknadsskjema og kart over farleg skuleveg til høgre i margen.

.