Meny
Velg Trinn eller SFO Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Tilgjengelegheitserklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Nærværsarbeid og oppfølging av fråvær i Timeskulen

I Time kommune vil me at alle elevane skal lukkast i skulen. Me vil at elevane skal ha lyst på livet og evna til å meistra det. I den samanheng er deltaking i opplæringa viktig og eit førebyggande tiltak er at me har gode rutinar for oppfølging av fråvær.  
For dei elevane som strevar med å vera på skulen er det avgjerande at ein tidleg kjem inn med støtte og tiltak. På den måten kan me hindra at fråværet utviklar seg og blir langvarig alvorleg fråvær. Det er difor viktig at de som føresette tek kontakt med skulen om ditt barn viser signal på at dei gruar seg for å gå på skulen, at barnet ikkje trivst eller strevar med det faglege.   

Dette blir rekna som mykje fråvær eller alvorleg fråvær:  

Har meir enn 25% fråvær i løpet av 2 veker 

Har problem med å delta i timane i minst 2 veker 

Høgt gyldig fråvær: Har meir enn 10 dagar fråvær i periodar på 15 veker i skuleåret, eller i halvåret.  

Udokumentert fråvær frå enkelttimar/fag, gjerne med eit mønster. 

Eleven kjem for seint 3 gonger eller meir på ein månad.  

Eleven kjem på skulen, men går heim igjen utan tydeleg årsak   

                                                                               (Haavik 2018 ) 

Slik er den kommunale rutinen for oppfølging av fråvær:  

Alle lærarane på skulen fører fråvær for sine elevar kvar dag. 

Om ein elev ikkje kjem på skulen og skulen ikkje har fått beskjed om dette, tek skulen kontakt med føresette same dag. 

Om føresette har meldt inn fråværet, tek skulen kontakt når fråværet blir ut over 3 dagar.  

Om lærarane på trinnet oppfattar signal og/eller fråværsmønster som gjev grunn til uro, tar dei kontakt med føresette 

For elevar som av naturlege årsaker har mykje fråvær, gjeld individuelle avtalar for oppfølging.

Dette skal du som føresett gjera: 

Meld frå til skulen om barnet ditt ikkje kjem på skulen ein dag 

Meld frå til skulen om de ser at fråværet går over fleire dagar 

Ta kontakt til skulen om barnet ditt viser vegringsåtferd mot skulen. Til dømes: Barnet gruar seg til skulen, fag eller situasjonar,  eller får diffuse “vondtar” i magen eller hovud som gjentek seg og/eller går over når skuledagen er godt i gang.  

Ta kontakt med skulen og informer om det er endringar i heimesituasjon, som kan påverka barnet i skuletida.